Mari Nyhagen på landslaget
Forfatter: Tony Andre Strande
25. august 2019
Mari Nyhagen er tatt ut til landslagsfotball.
Av: Bjørn Karsrud, Avisa Valdres.
Eg trur vel ikkje at eg får spele frå start, men håpar i alle fall at eg får lov til å koma innpå, seier stortalentet, som har spelt fotball sidan ho var tre år gammal. Sjansen til det skulle vera stor ettersom det dreier seg om to svenskekampar. Begge går i Stavanger, den første 6. september og den andre den 8. september.
Spiller for tre klubblag
I sommar har Mari faktisk spelt for tre klubblag.
– Eg spelar både på Fagernes G16 og damlaget til Valdres, i tillegg til at eg er med på J-15-laget til Gjøvik/Lyn, fortel Mari Nyhagen Rosendal.
– Det betyr at du har eit tett kampprogram?
– Ja, men det blir ikkje meir enn halvannan kamp i veka i snitt, svarar 15-åringen frå Fagernes.
Mari spelar vekselvis på kant og som indreløpar. På landslaget er ho mest aktuell som kantspelar. Hittil i år har ho scora 12 mål for Gjøvik/Lyn, sjølv om ho altså ikkje spelar spiss.
Dette er fyrste gongen at Mari er utteken til landslaget, men ho har tidlegare vore utteken til talentsamling.